Annonsørinnhold: enerWE Partner

Då fangdammen i Munkebotsvatnet gjekk til brot

- Det verste eg har vore med på i yrkessamanheng

Publisert   Sist oppdatert

21. august 2018 gjekk ein fangdam bygd i samband med fornying av ein eldre murdam i Munkebotsvatnet til brot som følgje av overtopping etter mykje nedbør.

Brotet medførte materielle skader på natur, veg og kaianlegg.

— Vatn frå dambrotet rann gjennom eit populært turområde og stengde E39, før det hadde utløp i fjorden ved ei båthamn, fortel Ingvill Storøy, rådgiver i Sweco Norge.

Like før oppstart av anleggsarbeida blei Ingvilll Storøy, som enkeltperson, leigd inn frå Sweco til Bergen kommune. Ho fungerte som prosjektkoordinator i prosjektet.

— Korleis opplevde du krisen?

— Eg kan trygt sei at det er det verste eg har vore med på i yrkessamanheng. Konsekvensane var store og merksemda frå media voldsom. Dette skal eg fortelje meir om på PTK.

Ingvill Storøy trur alle dameigarar kan lære mykje frå hendinga.

— Særleg kan dei ha nytte av å evaluere korleis dei arbeider med risiko og beredskap.

— Kvifor bør ein delta på PTK 2020?

— Presentasjonane på PTK holder eit høgt nivå og inspirerer. Likevel er det viktigaste med PTK alle samtalane med nye og gamle bransjekollegaer, her kan man diskutere utviklinga av faget og aktuelle prosjekt, fortel ho.

Les meir om PTK 2020 her.